Referat DION-møte
Tid : 14.10.1998, kl.:
12.30 til 15.30
Stad : Marinteknisk
senter, Tyholt.
Til stades :
Nina Birkeland, Tove Schult, Arne Fredheim, Tor Kristian Jensen,
Tom Reidar Henriksen, Jens Haugan, Rolf Jarle Aaberg.
Referent : Rolf Jarle
Aaberg.
Sak 1: Svar på brev
frå NTNU om oppmelding til eksamen for doktoringeniørkandidatar.
Oppsummering av debatten: DION kan ikkje sjå at det vert
meir effektivt for administrasjonen at kandidatane melder seg
opp til eksamen kvart semester i høve til at ein registrerer
alt på ein gong i starten av doktorgradsarbeidet. Registrering
kvart semester må vel føre til meir arbeid både
for den enkelte og for NTNU sin administrasjon? I staden vil DION
foreslå at alle doktorgradskandidatar bør bli oppmeldt
ein gong for alle, slik som doktoringeniørkandidatane vert
no. I denne samanheng vil DION også foreslå at universitetet
utarbeider ei ny ordning for å registrere doktorgradskandidatane
som ikkje baserer seg på innbetalt semesteravgift. Vedtak:
Tove skriv eit brev til NTNU med vårt svar innan 02.11.1998.
Sak 2: Høyringsuttaling
om Arbeidsbetingelser for doktorgradskandidater.
Vedtak: Rolf Jarle formulerer høyringsuttalinga
som deretter vert underskriven av ein eller fleire styrerepresentantar.
(Sjå høyringuttalinga for detaljar.)
Sak 3: Gjennomgang av
informasjonskriv til nye doktorgradskandidatar.
Vedtak: Tove redigerer skrivet ferdig og sender
det med eit enkelt følgebrev til FUF for distribusjon via
insitutta.
Sak 4: Innkalling til
møte om utfyllande reglement for dr.ing/dr.scient gradane.
Vedtak: Vi skal lese gjennom frå FUF. Arne
blir kontaktperson for kommentarar og for eventualt å rekrutere
interesserte dr.ing/dr.scient kandidatar til å stille opp
på møtet.
Sak 5: Referat frå
møtet i Pi-net i Budapest.
Vedtak: Vi skal lese gjennom referatet frå
Tom Reidar, og eventuelt kommentere det før det vert vidaresendt
til FUF.
Sak 6: Oppdatering av
heimeside. Saka vart utsett til neste møte.
Sak 7: Informasjon frå
MAI på Oslo Universitet: Rolf Jarle sender eit svar.
Val til Kollegierådet:Bodil Aurstad frå HF og Hermundur
Sigmundsson frå SVT stiller.
Sakene er elles tekne til etteretning.
Sak 8: Eventuelt.
Nina skal forsøke å finne ein ny DION-representant
frå SVT-fakultetet.
Tor Kristian vil vurdere å stille som representant
i SFU.
Neste møte 4. november
på PFI-bygget, Gløshaugen. Klokka 9.00. (alternativt
12.30.)
Rolf Jarle Aaberg
14. oktober 1998.